Takk til trufaste kvinneforeningsdamer

Haustbasaren i Kyrkjekrinsen Bedehus hadde sin spede start for ca 150 år sidan. I alle desse åra har menn og kvinner trufast stått på for å skaffa pengar til fleire ulike misjonsorganisasjonar.
Basaren starta først som sal og auksjon av bruksting. Truleg var det mennene som sto bak dette. Etter kvart kom kvinnene på bana og overtok mesteparten av arbeidet. Dei organiserte seg i kvinneforeningar rundt om på gardane i Kyrkjekrinsen.
Dei fleste kvinneforeningane er etter kvart borte. Flaktveit kvinneforening er den einaste foreningane som har halde på til i dag.

20151010_160609_resizedLørdag 10. oktober var ein god flokk igjen samla i bedehuset til haustbasar. Det kom inn ca 30.000 kr.
Lindbjørg Grutle, Inger Johanne Flagtvedt og Eli Flaktveit vart takka av for trufast teneste gjennom mange, mange år i Flaktveit kvinneforening. Dei har, saman med styret i misjonsforeninga, drege lasset dei siste åra.

Misjonsforeninga helsar desse tre med orda i  Salme 46,2: Gud er vår tilflukt og styrke, ei hjelp i naud og alltid nær.
Og Joh 14.27: Fred etterlèt eg dykk, min fred gjev eg dykk. Eg gjev dykk ikkje fred på same måten som verda gjer det. Lat ikkje hjartet dykkar uroast, og ver ikkje motlause!

Les meir på www.dism.no

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.