Minneord: Maria Mellingen

Maria Mellingen,  Kyrkjekrinsen Misjonsforening sitt eldste medlem, døyde 27 april 2019, 97 år.
Maria har vore aktiv i bedehuset i mange år. Ho var ei som trufast møtte fram, enten det var møter, «Vi over 60» eller andre samlingar.  Ho var også tidligere med i kvinneforening som bla hadde medansvar for haustbasaren.Maria var glad i bedehuset og arbeidet der. Noko ho og spesielt viser ved å ynskja gåve til bedehuset istadenfor blomer i gravferda.
Maria likte bibelundervisning: temakvelder og bibelveker/ helger likte ho å gå på.Maria vert  huska for sin lune humør, gode kommentarer,  eit godt smil og interesse for oss andre. Mange har fått oppmuntring i arbeidet på bedehuset og ellers frå ho.
Dei siste åra har ho vore plaga med sjukdom, noko som gjorde at ho ikkje fekk vera saman med oss på samlingar. Ho fulgte allikevel med i kva som skjedde.Sist vi var innom hos ho med årsmelding, kom ho med ei helsing tilbake til oss i bedehuset.
Vi vil lysa fred over Maria sitt gode minne. Ho har no fått opplevd å få koma heim: noko vi veit ho såg fram mot med forventning. Våre tankar går til Kari, Øyvind og Knut Ove, og den store familien i sorga. Dei har mange gode minner å sjå tilbake på.

Kyrkjekrinsen Misjonsforening

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.