Minneord.

Dagmund Flaktveit, født 16.03.45, døyde fredfullt 28.01.20.
Dagmund  var ein av dei mange som «vaks opp» i Kyrkjekrinsen bedehus. Han var aktivt med i barne og ungdomsarbeid i bedehuset. Vart brukt eindel som andaktshaldar allerede frå ungdommen. Han har og vore medlem i Kyrkjekrinsen Misjonsforeninga i mange år. Det vart i Åsane kyrkje han i vaksen alder fann sin plass og sine oppgåver. Vi veit at han gjorde ein stor innsats her med ulike oppgåver.Dagmund var ein mann det var godt å møta. Godt humør og eit godt smil, og interesse for andre var nokre av hans mange gode eigenskaper.Vi vil lysa fred over Dagmund sitt gode minne. Han har no fått opplevd å få koma heim til himmelen, etter eindel år med sjukdom.Våre tankar går til Eli og borna Martha, Kristi og Jarle med familiar. Vi veit dei har mange gode minner å sjå tilbake på frå mange år saman med Dagmund.

Kyrkjekrinsen Misjonsforening.


Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.