Minneord: Gudrun Elisabet Litleskare.

Gudrun Litleskare, født 16.07.30, Kyrkjekrinsen Misjonsforening sitt eldste medlem, døyde 20.02.22, 91 år.
Gudrun har vore aktiv i bedehuset frå ho og Sverre, saman med 6 barn, flytta til Åsane. Gudrun vart raskt glad i bedehuset og arbeidet der, vi kunne rekna med ho i arbeidet. Ho var ei som trufast møtte fram, enten det var møter, «Vi over 60» eller andre samlingar, og ho tok på seg mange oppgåver.
Ho var med i Bedehusforeninga i mange år. Utanom forenings møtene var dei trufaste med div reinhald, kjøkkenarbeid og servering på samlingar.
Dei hadde ansvar for bedehusbasaren kvar vår inntil ca 15 år sidan. Dei siste  åra var det nokre yngre damer som var på «opplæring» før vi overtok og fekk fleire med. Etter det kom ho gjerne med gevinstar til basaren.
Dei starta også opp med julemesse i bedehuset. Dette vart godt mottatt også av bygdefolket: mange møtte fram.  Mykje arbeid er lagt ned her. No er det ein komite som vert valgt for to og to år som har ansvaret.
Unge Røster si støtteforening var også Gudrun aktiv med i, også etter at korene vart lagd ned. Dei hadde misjonsbasar inntil for få år sidan.Dei tok også ansvar for praktiske oppgåver på mange kvinnetreff for Misjonssambandet.
Pensjonisttreff i bedehuset var det Gudrun og andre damer i bedehuset som begynte med. Dette var samlingar som var veldig godt besøkt. Brev vart sendt i posten / levert i postkasser med invitasjon kvar gong: eit viktig arbeid for å trekka inn eindel som ellers ikkje gjekk i bedehuset.
Dei siste åra har Gudrun vore plaga med sjukdom, noko som gjorde at ho ikkje fekk vera saman med oss på samlingar. Ho fulgte allikevel med i kva som skjedde. Og vi veit at arbeidet i bedehuset var med i bønnene hennar.
Vi som har fått gå med juleblomst til ho har gode minner fra fine stunder saman med ho.
Gudrun vert huska for sin villighet til å ta på seg oppgåver, positivitet, eit varmt smil og interesse for oss andre. Mange har fått oppmuntring i arbeidet på bedehuset og privat frå ho.
Vi vil lysa fred over Gudrun sitt gode minne. Ho har no fått opplevd å få koma heim: noko vi veit ho såg fram mot med forventning. Våre tankar går til den store familien i sorga over å ikkje ha ho her lengre og glede over at ho er fri frå sjukdom og plager. Dei har mange gode minner å sjå tilbake på om ei god mor, svigermor, bestemor og oldemor.

Nyborg, 15.03.22.

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.