Minneord: Sverre Litleskare

Sverre Litleskare, ein av Kyrkjekrinsen Misjonsforening sine eldste medlemmer, døyde 13 april, 93 år gamal.
Sverre har vore aktiv i bedehuset i mange år, han var ein som trufast møtte fram og tok del i arbeidet. Han var medlem av styret for Misjonsforeninga over mange år. Her hadde han ulike verv.
Sverre hadde hjarta for borna og var leiar for søndagsskulen i mange år. Han var og leiar i Ving ein periode, der han hadde ansvar for ei snekkergruppe.
Han var trufast med på bønne og vitnemøtene heilt til han vart sjuk og ikkje kom seg ut lengre. Her vart han savna når han ikkje var der lengre.
Når vi tenker på Sverre tenker vi og på ein som hadde bibelkunnskap og som fulgte godt med i det som skjedde rundt oss. Han var aktiv i diskusjonar og her og kom kunnskapen hans fram.
Godt humør, eit godt smil og eit godt handtrykk er også noko vi husker Sverre for. Mange har fått oppmuntring i arbeidet frå han.
Vi vil lysa fred over Sverre sitt gode minne. Han har no fått opplevd det som står i songen « Eg skal ikkje døy, eg skal leva, med Jesus til æveleg tid ».
Våre tankar går til Gudrun og den store familien i sorga. Dei har mange gode minner å sjå tilbake på.

litleskare

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.