KULTURPRISEN 2017 TIL DAG VILSVIK !

Dag Vilsvik fekk søndag 5. november  tildelt Kulturprisen for 2017 for Åsane.
Dette skjedde på eit arrangement i Åsatun som ein del av Kulturfest Åsane.
Prisen fekk Dag for sin lange innsats for kormiljøet i Kyrkjekrinsen Bedehus gjennom Unge Røster og Kor-Mix, der han er pianist og musikalsk ansvarleg. Dette har han vore engasjert i sidan han var tenåring, og er fortsatt aktiv.
Dag er ein dyktig pianist, og vert brukt også utanfor kormiljøet. Han komponerer og arrangerer musikk til bruk i Kor-Mix, og han har mellom anna tonesett fleire av Haldis Reigstad sine dikt.  Dette siste halvåret har han laga vakre arrangement for kor og strykeinstrument, til kjente og kjære songar og salmar.  Desse vart framført no sist på Kor-Mix-konserten 2.november,  og hadde tittelen: «Lysende fakler fra vår sangskatt.»
Åsane gamle kyrkje var fullstappa denne kvelden, og koret fekk mange gode tilbakemeldingar. Det var  ei oppleving for kormedlemmane å vera med på dette.
Dag Vilsvik fekk også prisen for  samarbeidet med Nyborg Brass og Løekoret, i samband med julekonsertar og førjulstreff.
Vi gratulerer med prisen, Dag, og takkarfor den store innsatsen du har gjort og gjer i bedehuset vårt.
Takk for alle dei musikalske opplevingane du har delt med oss, og slik vore med og gjort oss rikare. Og ikkje minst; takk for alt du tilføyer bedehusmiljøet gjennom arbeidet med Kor-Mix!

Kyrkjekrinsen Misjonsforening.

Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.