Minneord

Astrid Helene Vilsvik

Astrid Helene Vilsvik, Kyrkjekrinsen Misjonsforening sitt eldste medlem, døydde stille 18 oktober 2019, 92 år.
Astrid har vore aktiv i bedehuset i mange år. Astrid har saman med mannen Steinar, som døyde for 4 år siden, hatt stor betydning for arbeide på Kyrkjekrinsen bedehus over mange år.Dei starta opp barneforening kort tid etter dei flytta til Nyborg. Dette utvikla seg raskt til korarbeid. Etterkvart var det tre ungdomskor i bedehuset som var knytte til Unge Røster som var navnet arbeidet fekk. Ungdomskoret hadde over 100 medlemmer for det meste. Den årlege turneen med båt eller buss var høgdepunktet: mange har gode minne derfra. Dei hadde begge, kvar på sin måte, nådegave til å sjå ungdommane og deira behov for hjelp og oppfølging. Dei var flinke til å oppmuntra og utfordra til å ta på seg ansvar og oppgaver. På den måten fekk Astrid og Steinar hjelp i arbeidet og mange fekk med seg gode minner og erfaringer som har hatt stor nytte seinare i livet. Mange har mykje å takka dei for.
Dei hadde ei brennande tru på Jesus, og mange har funne si tru på Jesus gjennom dette arbeidet. Astrid sitt motto for arbeidet var: «Vern om ungskogen».  Bibelverset som fulgte arbeidet finn vi i 2 Kor 5.20: “ Så er vi no sendebod for Kristus, og det er Gud sjølv som formanar gjennom oss” I forsamlingar i Nordhordland er det mange tidlegare medlemmer av Unge Røster som har vore og er aktive i arbeidet på sin plass.
Unge Røster begrepet vart ein del av barne og ungdomsarbeidet til Norsk Luthersk Misjonssamband. Det er fortsatt kor som har dette navnet.Vi har dessverre ikkje noko barne og ungdomskor hos oss lengre, men i Kor-Mix er det mange tidlegare UR medlemmer og kan difor seiast å vera ei forlenging av arbeidet. Sonen Dag har og har hatt det musikalske ansvaret i over 30 år, har på denne måten videreført arven frå foreldra sine.
Astrid var glad i bedehuset og arbeidet der, også utanom Unge Røster. Ho var ei drivkraft for mange julemesser og ei som stod i bresjen for at bedehuset vart utbygd i starten av 80 tallet.
Astrid starta og Støtteforeninga: ei forening av mødre til kormedlemmane. Dei var til god hjelp til praktiske oppgåver i korene. Astrid var flink å rekruttere inn damer, også etter at kora vart nedlagt. Foreninga er fortsatt i aktivitet sjølv om Astrid ikkje har vore med dei siste åra. Eit viktig samlingspunkt for kvinner, som inntil i år har hatt årleg misjonsbasar om hausten.
Astrid og Steinar fekk for nokre år sidan Kongens fortjenestes medalje i sølv for sitt mangeårige barne og ungdomsarbeid.
Astrid vert huska for sitt engasjement, eit godt smil og interesse og omsorg for oss andre. Ho var og flink å tegna: mange huskar tegningane hennar når ho heldt andakt. Mange har fått oppmuntring i arbeidet på bedehuset og ellers frå ho.Dei siste åra har ho vore plaga med sjukdom, noko som gjorde at ho ikkje fekk vera saman med oss på samlingar.
Vi vil lysa fred over Astrid sitt gode minne. Ho har no fått opplevd å få koma heim til himmelen, etter eindel år med sjukdom.
Våre tankar går til Astrid og Dag og den store familien. Vi veit dei har mange gode minner å sjå tilbake på.



Kyrkjekrinsen Misjonsforening.





Dette innlegget ble publisert i Nyheter. Bokmerk permalenken.