Vil gjerne dela dette diktet av Haldis Reigstad:
NØKKELEN LIGG I EI NAGLEMERKT HAND
Levande vatn får vi ved krossen,
der renn den kjelda som aldri vert tom.
Jesus har gitt oss ei fullkomen glede,
Han som med liv til kvart menneske kom.
Alle har synda, ingen er reine,
alle har brote Guds heilage krav.
Jesus gjekk inn under himmelens vreide,
Golgata vitnar om livet han gav.
Sundbroten vart han, knust under straffa,
skuldlause hender laut bera vår kross
Jesus betalte vår skyhøge rekning,
dødsdommen tok han istaden for oss.
Døra står open inn til Guds rike,
Nøkkelen ligg i ei naglemerkt hand.
Jesus har makt til å føra oss alle,
jublande inn i det himmelske land.
Det er enno usikkert om når vi opner opp att for samlingar i bedehuset: ny melding kjem over påske.